Wikimedia Norge/Newsletter/2016-11/nn
Hei, medlem i Wikimedia Noreg og bidragsytarar, her er nyhendebrevet til Wikimedia Noreg for fjerde kvartal 2016.
- Tilgang til Retriever: Frå 7. november 2016 er 6 Retriever-tilgangar tilgjengelige for bidragsyterar. Tilgangane fordelast til bidragsyterar for 6 månadar av gangen og etter førstemann til mølla-prinsippet etter onsdag 2. november kl 18 på denne sida. Frå 7. mai 2017 fordelast tilgangane til 6 nye bidragsyterar. Vi håper dette kan vere eit nyttig verktøy!
- Girl Geek Dinners Trondheim: Girl Geek Dinners Trondheim har ny skrivekveld 3. november på Work-Work i Trondheim. Påmelding på Facebook.
- Armenia-skrivekonkurranse: I veke 46–49 blir det ein skrivekonkurranse om Armenia der premien er ei reise til Armenia (fly + hotell) for éin person. Wikimedia Armenia kjører same konkurranse om Noreg. Konkurransesida finn du her frå veke 45.
- Brukarundersøking: Wikimedia Noreg vil gjerne undersøke kva som motiverer aktive bidragsytarar på Wikimedia-prosjekta. I november gjennomfører vi difor ei spørjeundersøking som blir lenka til frå CentralNotice. Vi håper du vil ta deg tid til å svare, og gi oss innsikt i korleis vi i Wikimedia Noreg kan støtte opp om bidragsytarane på ein enda bedre måte!
- Ny heimeside: Wikimedia Noreg har fått ei ny heimeside som supplerar wikien. Ta ein titt!
Ønsker du å melde deg inn i Wikimedia Noreg og støtte arbeidet vårt så kan du gjere det her, eller du kan støtte oss ved å vippse til 10386 – Wikimedia Norge.
Dette nyhendebrevet postast av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement