Wikimedia Norge/Newsletter/2017-02/nn
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her er nyhendebrevet vårt for februar 2017.
- Wikidagar i Trondheim 24.–25. mars
24.–25. mars flyttar Wikimedia Noreg kontoret sitt (mellombels) til Trondheim!
- Fredag 24. mars blir det omvisning for wikipedianarar på Justismuseet og wikitreff med mat og kåring av Årets wikipedianar på Work-Work etterpå. Alle wikipedianarar og andre interesserte er hjarteleg velkomne!
- Laurdag 25. mars har Wikimedia Noreg årsmøte, òg på Work-Work. Forslag til styret kan sendast til styre@wikimedia.no fram til onsdag 23. februar 2017. Hugs at du må vera medlem for å kunna stemma ved årsmøtet eller for å få reiseutgifter dekka av Wikimedia Noreg.
- Les gjerne innkallinga til årsmøtet.
Informasjon om program og påmelding finn du her. Me håper å møte mange av dykk i Trondheim!
- Wikistipend og reisestipend
- 15. februar er det ny søknadsfrist for stipendordninga til Wikimedia Noreg. Me håper på søknadar til mange spanande prosjekt! Du kan òg gjerne søkja om reisestipend for å delta på WikiCite, Wikimedia Hackathon og Wikimania.
- Ein kan òg søkja Wikimedia Foundation om reisestipend til Wikimania i Montréal 2017 fram til 20. februar 2017.
- I slutten av mai vert WikiCite og Wikimedia Hackathon haldt i Wien i Austerrike. Fram til 27. februar kan du søkja om reisestipend til WikiCite og fram til 26. februar kan du søkja om reisestipend til Wikimedia Hackathon.
- Brukarundersøking
- Før jul hadde Wikimedia Noreg ei brukarundersøking, takk til alle som svarte! Resultata har me publisert på Meta.
- Nettsida omsett
- Nettsida vår har no blitt omsett frå bokmål til nynorsk og engelsk. Les gjerne korrektur og send rettingar til Jon Harald.
Ynskjer du å melda deg inn i Wikimedia Noreg og stø arbeidet vårt så kan du gjera det her, eller du kan stø oss ved å vippsa til 10386 – Wikimedia Norge.
Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement