Wikimedia Norge/Newsletter/2020-03/nn
Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar.
Virtuelt årsmøte erstattar fysisk årsmøte for Wikimedia Noreg 14. mars 2020, kl. 12. Årsmøtet vert halde som virtuelt møte for å avgrense smittefaren i samband med koronaviruset. Årsmøteagenda med tilhøyrande papir finn du her.
Vi vonar mange kan delta via video eller telefon. På bloggen vår kan du lesa korleis du kan delta i møtet.
Har du huska å betale medlemsavgift for 2020? Alle som har betalt medlemsavgift for 2020 har røysterett ved årsmøtet. Medlemsavgift for 2020 (på kr 200, 100 for studentar o.a.) kan du betale via Vipps til 10386 – Wikimedia Norge, eller til kontonummer 1503 08 00866.
Vi ynskjer alt godt til alle våre medlemmar!
Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement